Uendelege mengder feelgood i kvar einaste surfete riff, og eit band som er like kreativt som det er produktivt.
Alt kunne eigentleg gått til helvete for Hvitmalt Gjerde. Mengden hype dette bandet fekk lenge før debutalbumet så dagens lys er sjeldant sunt for nokon, men då det sjølvtitulerte debutalbumet kom sommaren 2013 vart all tvil feid vekk. Det viste seg at bergensk surferock faktisk har ein naturlig plass i musikklandskapet.
Tida har sidan den gong langt frå stått stille. Trioen – Johannes Fjeldstad, Sturla Ulvenes Kverneng og Håvard Bakke – har ved ein kombinasjon av Ocean Sound Studio på Giske og Abbey Road Studios i London fått på plass sitt andre album«Ville Venner». To Spellemanns-nominasjonar vart det på fyrste forsøk, og det er berre eit spørsmål om tid før bandet tek med seg sin fyrste heim.
Det er få band forunnt å tileigne seg ein såpass særeigen sound som det Hvitmalt Gjerde har gjort – og det i veldig ung alder. Dei har allereie nokon riff på samvitet som har skrive seg rett inn i norsk rockehistorie, og dei får det til å høyrast ut som det enklaste i heile verda. Og då har me ikkje ein gong nemnd korleis denne gjengen er på scena, for det er eit absolutt must å få med seg!
Hvitmalt Gjerde er så moro at det nesten kjennes ulovleg. Så skranglete at det burde ikkje gått an å vere så tilgjengelig. Og dette er berre byrjinga av historia om Hvitmalt Gjerde, ein historie som kjem til å vara evig!
Obs: 20 årsgrensa
Høyr Hvitmalt Gjerde HER